torsdag 24. juni 2010

Pappa, pappa eg har fanga ein fragel!!!



Nei det var ikkje nokon Fragel, men snigler!!! Neida eg berre gjekk ein tur og såg denne gjengen med snigler!! Med blits fekk eg fram den gufne bronfarga. Berre dei held seg på asfalten og ikkje kjem i hagen min. Eg har mykje stemor som sikkert er godt for sniglegjengar, hehe. Kva for misjon har sniglene eigentleg? Ein plass i økosystemet har dei vel. Kanskje eg skulle hatt nokre moskusender, for dei er visst så glade i snigler. Eller eg trur ikkje det, for dei er så stygge. Sjå berre her http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:MuscovyDuck.jpg dei finst ved andadammen. Eg veit ikkje kvifor eg fekk assosiasjonar til Fraglene og skraphaugen når eg tok bileter av sniglene. Lenge leve fragelene!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar