torsdag 23. september 2010

Ny hekk :)



Ah, no vart det fint. Me måtte gjera noko med desse små buksbomplantane som vart vokse forbi av graset. No har vatningsassistenten vore flink. Han har gravd ned duk, planta ned større buksbom og lagt på bark. Å, så flott som det vart. No manglar me berre hekk på langsida. Og jammen vart ikkje tomatane raude!! Ikkje så store riktignok, men kan hende det er ein art som ikkje vert større??

mandag 6. september 2010

Huset får meir farge






Åh, så herleg med malehjelp. For tida så har me malehjelp på vitjing! Ho er så flink. Ho og vatningsassistenten har måla og måla i fleire dagar. Det er jo flott målevær om dagen og. Kan hende for varmt?
Uff desse bileta vart visst uklåre. Jaja de får iallefall eit lite inntrykk.

onsdag 1. september 2010

Sensommarrapport










Ja no har det verkeleg vore bloggtørke her i hageverda. Det er ein liten pus som har fått mykje merksemd den siste tida. Vesle Gustav Mahler. sjå bloggen hans her http://gustavmh.blogspot.com - den er det mange som har glede av, ikkje minst eg. Ja so var det hagen. Ja sommerblomstra byrjar og seia takk for seg. Men haustblomane kjem. Eg aner ikkje kva dei heiter, men har tre som såg like ut men berre den eine har fått raud farge. Kan hende dei andre kjem etter kvart. Eg har bilete av dei nedanfor. Dei som likner på blaumkål. Også har me sukkererter!! Trur eg skal ta inn til salat i morgon. Det er litt tidleg, dei er ikkje store nok enda, synest eg. Er det no eg skulle vere tolmodig?? jaja. Solsikka kjem og. Ho tok eg ikkje bilete av, venter til ho får blome på. Eg har pynta med lyng der margerittane var, i blomekassa. Det er så morosamt og ha noko som blømer heilt frå april til september/oktober. Det var ikkje heilt planlagt, men det vart. Hehe, artig med overraskelseshage. Og eg ser i hageblada at eg kan snart plante ut laukane. Så kjem dei kan hende til våren.

torsdag 19. august 2010

Gustav prøver hagen


Den vesle pusen vår Gustav har såvidt prøvd og være ute i hagen! Og det var stas og fryktelig spennende. Når naboen kom heim vart han skremd. Etter eit par minutt var det ut att. Graset var så langt at han kunne gjøyme seg i det :)

søndag 15. august 2010

Rosa blømer!!!


No blømer den første rosa:) For ei lukke. Og eg som ikkje trudde eg skulle få roser denne sommaren. Det er sikkert 10 knoppar.

Snigle gjeng :)


Desse sniglene gjekk i gjeng. Per tykte dei var tøffe.

onsdag 11. august 2010

No har eg sikkert 30 grønne tomater!!!





Åh, tenkj at dette var ein liten tomatbusk for eit par månader sidan. Og nå aular det av små grøne tomater. Så utruleg morosamt. Og sukkerertene dei veks omtrent ein centimeter om dagen. Her er nokre bileter. Og sjå på rosene!!! Masse knopper og ein snart utsprunge blome :)