fredag 7. oktober 2011

Sjå kva eg har drepe!!!!



Ok, dette er første gong eg har teke med meg bytte og vist det fram til folka mine. Eg har sjølvsagt fanga og drepe mus før, men dette er første gong eg tok det med inn døra mi. Dei fekk seg ei aldri så lita overrasking. Og dei kasta musa ut. Kvifor det liksom, kan ikkje musa og få vera inne???

søndag 18. september 2011

Eg søv i spelkassa



Endeleg kjem eit innlegg frå husets sjef, Gustav Mahler. Eg vil helst vera med på det folka mine gjer. Så når dei speler Rummy, ligg eg i eska til brikkene. Når eg er ferdig med å slikke Asbjørn på halsen då. Også gjorde eg noko anna som dei synest var morosamt i dag. I vinduskarmen mot garasjen der eg ofte plar liggja, skal dei alltid ha ein dum bamse, og no fann eg ut at eg skulle flytte han litt. Så då bar eg han med tennene mine til ein betre egna stad, i sofaen. De får ha ein god sundag :)

Haustens avling.....



Eh, dette er ikkje mykje å skryte av.... Men no skriv eg ikkje denne bloggen for å skryte heller då. Ein rayd tomat på tre tomatplanter, ein solsikke i blom av ein heil pakke planta og ein håndfull gulerøtter omlag 1,5 cm. Hahaha gartner liksom. Dette var skrale greier. Evalueringa går på å så tidlegare, pluss å tinga betre sumarver. Det har jo regna og regna og temperaturene har ikkje vore høge i meir enn toppen ein halv dag om gongen. Jaja. Dette er for moro skuld, og moro var det :)

søndag 11. september 2011

Haust i hagen





Ja hausten er ei herleg tid. Det skjer ikkje så mykje i hagen då, men herleg å vera ute i storm og regn for så å koma inn, drikke kakao og lese ei bok. Eg har pynta litt med kvit lyng og kål i verandakassene, og raud lyng og eføy i den massive treblomekassa. Og hortensian blømer no i i tre blomer. Om det er nokon som lurer på korleis det står til med Gustav så har han det som "plommen i egget". Går inn og ut som han vil i eiga dør, og får fin mat og er blank og mjuk i pelsen. Oj der vart visst tåa med på bilete av den raude lyngen med eføy i mellom. jaja slik som skjer. Eg er såvisst ingen fotograf.

søndag 4. september 2011

Endeleg er huset ferdig målt


Ja det er vel ei veke sia no. Men eg bloggar gjerne eit bilete. Og me har alt feira. Eg hadde aldri trudd det skulle ta vel 2 år å måle eit hus utvendig! Ja no er me iallefall ferdige for ei stund. Skal seie det var strevsamt å måle oppunder takrennene og mellom spottane.........

Vert denne rosa verkeleg gul??


Som eg blogga i mai, så kjøpte eg med meg ei rose frå københavn og planta i hagen min. No har ho fått eitt flott skudd. Men eg trur ikkje på at den vert gul slik det står på lappen som følgde med. Så no gler eg meg til ho spring ut.

lørdag 3. september 2011

Hortensia i september


Ja så vart dei blå, dei bittesmå hortensiaskudda som kom fram i august. Ah, eg som ikkje trudde eg skulle få hortensia i det heile i år. Hortensia i september er flott, og eg gler meg allerie ti neste sommar då eg skal ha hortensia frå blom frå juni til september :)

Eg er svært nøgd med det nye kameraet, kan til å med få med regndropane. God helg folkens.

Svartsurbær


No har det vore bloggtørke lenge nok. Eg har berre ikkje hatt lyst til å blogge. Det er ikkje det at det ikkje har skjedd noko i hagen, eller at eg ikkje har hatt tid. For det er berre å prioritere det. Men no skal eg snart ut til vg1 klassane med bibliotekopplæring og då veit eg at eg kjem til å legge fram bloggen som eit døme på kor lett det er å legge ut noko på verdsveven. Jaja to floger i ein smekk og slikt.

Den flotte hekken me planta i fjor haust, kom med blomer i mai/juni og no har han bær. Svarte bær. Men dei smaker ikkje godt. Mulig det er sunt og næringsrikt, men surt. Eg har lese ein stad at bæra skal stå på busken til etter første frost natt og at dei då vert søtare. Hmm kanskje det er noko i det?? Kanskje me kan laga syltetøy eller noko.

søndag 24. juli 2011

Hageverda er glad!




Eg trudde toget var gått for bløming på hortensian i sommar. Men no ser eg 5 små blomeknoppar!!! Jippi - for han var så flott i fjor. No har me kome heim frå ferie og det ser ut til at blomane har hatt det bra medan me var vekke. Rosa har sprunge ut og fleire er på veg. Ja det er ikkje rosa frå Danmark, men rosa frå bo grønt som me planta på bryllaupsdagen i fjor. Om me berre kunne få litt varme no, så hadde nok hortensiaen skutt fart. Jaja det får me ta slik det kjem.

søndag 3. juli 2011

Ein tur rundt i hagen













Blogginga går i bølger. Og no har det regna mange dagar. Sommaren var innom ein halv dag i går. Vonar han kjem att til neste helg då me får vitjing av mor og pappa, og eg skal ha ferie. Her kjem bilete av den nye toseteren me kjøpte på felleskjøpet. Den er me svært nøgd med, det er akkurat plass til to glas og ein bolle potetgull fann me ut i går. Veggdrivhuset har eg med og, og der er det 3 tomatplanter, 2 bifftomatplanter og ein vanleg. Ved sida av står ein handlebag eg har fyllt med lecakuler og mold og planta gulerøtter. Og så har eg ei kasse med sukkererter. Siste kasse inneheld solsikker og sommerstokkroser. Dei siste der er eg veldig spent på då eg aldri har sådd slike før. Men det er det som er morosamt, prøve og sjå kva som trivst.

Gustav




Ja no er det lenge sida eg har fått være med på bloggen. Så no kjem nokre bilete og ein video av meg. Eg lik veldig godt å vera ute, og nokre gonger er eg på tilhengaren og når det regner vert eg frykteleg blaut. Og eg må vaske meg og vaske meg. Når eg kjem inn då, vil eg anten vera i teppet mellom beina til Asbjørn eller på tårnet mitt. video

mandag 20. juni 2011

Ein blome???


Ja denne veit eg ikkje kva heiter. Kan sikkert leite det opp for eg bevarer desse informasjonsbrikkene. Han har iallefall fine kronblader. Eg har vore spent i mange dagar no på korleis han vart når han sprang ut. Og kor flott!

Herlege roser!


Det er så kjekt å sjå at rosa eg planta i fjor vår kjem med knoppar i år med. Og det som er kjekkast er at billigrosa frå Danmark kjem med nye skudd. Å lykke. Roser er fine, men blomer kan eg nok ikkje vente meg før om nokre veker.

Tvillingblomst


Ja no har eg nytt kamera!! Det "gamle" fekk seg ein trøkk då eg snubla på den nye terrassen. 2,5 år er ikkje så gale levetid for eit kamera. Det nye er kjekt, eg føler eg får skarpare bilette med det. Først så vil eg syne den rosa tvillingblomen eg har planta i ei krukke for mange veker sidan. Ganske raskt blømde han ferdig og vart bron. Eg trudde at det var det, og at eg ikkje har lag med den slags. Hadde eigentleg høyrt at dette var hardføre blomer, men jaja da er eg vel berre klønete. Men så etter regn og sol så blømer han og nye skudd ser eg kjen. Det er så flott. Den rosa fargen passer ikkje så bra med husfargen men. Eg er iallefall glad for at han blømer att.

onsdag 15. juni 2011

No er finessene på terrassen ferdig og :)





No er det slik det skal vera på terrassen, med trinnet ned til garasjeboddøra og med pyntelister. Veldig kjekt med grillen og putekassa og bord og stoler oppå. Terrasse er kjekt altså. Me har allereie kosa oss mykje der i sommar, innimellom regnskurane. Og ja her ser de veggdrivhus som vart tatt av vinden før eg fekk planta tomater. Me henta bakveggen i skogen.......... Jaja han vert nok sett fast betre no. Tenkjer me skrur han fast i veggen.

tirsdag 14. juni 2011

Er det ver til å gå ut no?


Ja no regner det att. Og då sit eg mest foran luka og ser om det skjer noko spanande der ute. Det er eigentleg greit at det regner, men når det bles i tillegg då vil eg ikkje ut. Eg kjenner trekken gjennom luka!!! Eigarane mine seier at av og til når eg har bandet på liknar eg ein liten hund???

Var det her de spelte?


Ja me har ein pus som lyt vera med overalt. Han vil gjerne sitja midt på bordet når me speler rummy.

mandag 6. juni 2011

Det store rododendronmysteriet





Ja no føler eg meg snytt for rododendronbløming! Rododendronhekken min bak garasjen med 4 flotte rododendronplanter planta eg i fjor haust. Ja eg planta 4 planter og berre ein har fått ein blome!!! Kva er dette for tull??? Eg som har gitt dei spesialrododendrongjødsel fleire gonger, vore bortom og prata med dei, vatna dei, kva mer forlanger dei då??? Den blålilla som eg har i plenen ved inngangen blømer så fint. Kan det vera jorda som ikkje høver seg der bak garasjen?? Eg treng råd, for eg hadde ynskja meg flotte bugnande rododendronar.

Favorittleika mi!





Hei ja det er eg som blogger att. No vil eg berre vise nokre bileter av eg som leiker med den raude mjuke ballen min. (Som eigentleg er ei raud nase til inntekt for redd brana)

onsdag 1. juni 2011

Drukna katt???




No syntest Gustav det var på tide at han fekk seg eit innlegg her snart. Han lik ikkje at eg berre bloggar om plantane og buskane som blømer. Han vil og vera med. jada pus eg ser deg. No er det eit fælandes ver av regn og vind. Tøffing som han er skal han sjølvsagt ut og inspisere. Og då han kom inn att, ja sjå sjølv. Det er vel her utrykket om å vere våt som ein "drukna katt" kjem inn.