onsdag 1. september 2010

Sensommarrapport










Ja no har det verkeleg vore bloggtørke her i hageverda. Det er ein liten pus som har fått mykje merksemd den siste tida. Vesle Gustav Mahler. sjå bloggen hans her http://gustavmh.blogspot.com - den er det mange som har glede av, ikkje minst eg. Ja so var det hagen. Ja sommerblomstra byrjar og seia takk for seg. Men haustblomane kjem. Eg aner ikkje kva dei heiter, men har tre som såg like ut men berre den eine har fått raud farge. Kan hende dei andre kjem etter kvart. Eg har bilete av dei nedanfor. Dei som likner på blaumkål. Også har me sukkererter!! Trur eg skal ta inn til salat i morgon. Det er litt tidleg, dei er ikkje store nok enda, synest eg. Er det no eg skulle vere tolmodig?? jaja. Solsikka kjem og. Ho tok eg ikkje bilete av, venter til ho får blome på. Eg har pynta med lyng der margerittane var, i blomekassa. Det er så morosamt og ha noko som blømer heilt frå april til september/oktober. Det var ikkje heilt planlagt, men det vart. Hehe, artig med overraskelseshage. Og eg ser i hageblada at eg kan snart plante ut laukane. Så kjem dei kan hende til våren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar