fredag 23. juli 2010

Så godt og koma heim til blomane





Neste år trur eg at eg skal settja oppp webkamera i hagen, slik at eg kan følga med på dei ulike blomane i ferien. Neida. Flott var det og koma heim og sjå korleis det bugna av blomer. Til dømes er tobakksplantene vortne nesten ein og ein halv meter høge. Også har eg fått ein liten grønn babytomat, på størrelse med ei ert!! Stilig. Det var vanskeleg og ta skikkeleg bilete av den, men om de ser omlag midt i bilete er han der. Også har eg planta Hostaen eg fekk med frå mor og pappa sin hage. Rosene og fotballbusken venter eg med til i morgon. Tusen takk Helga for pass av hagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar