søndag 13. juni 2010

Grønsakskassa får innhald


No har eg planta grønsaksplanter i den flotte kassa assistenten min laga. Det er grasslauk, tomatplante, kålrot, purre og salat. Dette vert spanande. Dei har fått vatn og god jord, men eg veit ikkje kva for gjødsel dei treng?
Trur eg må spørja vatningsassistenten om han kan laga ei kasse til. Eg har ikkje plass til sukkererter, og det vil eg ha.

2 kommentarer:

  1. Gjødsel er nødvendig, men hvilken sort... hmmm... kanskje du bare spør på hagesenter eller der de selger gjødsel? Jeg bruker blåkorn som er en fullgjødsel, men jeg har bare blomster i år. Kanskje biologisk gjødsel til det som skal spises?

    SvarSlett
  2. Ja det er akkurat det. Eg nyttar blåkorn til blomane, men er litt usikker på kva grønsakene ynskjer - dei seier ikkje noko. Eg får spørja på plantesenteret. Har nokon råd?

    SvarSlett