mandag 25. april 2011

Vel overstått påske:)




Ja no er ei herleg påske snart over for denne gong. Også så mykje flott som har skjedd i hagen. Det følest mest som om eg har hatt vårfri, ikkje påske. Hyttepåske har det vore med utedosjarm og ferdig terasse heilt nede ved sjøen. Eg vert meir og meir glad i denne hytta som me no endeleg har fått tid til å bruke. No er det lettare å ta seg ei helg i vår - sommarhytte som det er.
Me har vore innom heime og dusja og gått på do... nokre gonger og då sjølvsagt sett korleis blomane har det. Det er faktisk i år har egrste eg ser etter når eg kjem heim, anten om det er heim frå jobb eller heim frå handling. Ddet er så spannande no om våren. Eg har venta og venta på påskeliljene som eg hadde planta i haust, og no endeleg på påskeafta sprang ho ut. Det var påskelilja si det :) Eg som trudde eg hadde gjort det geniale ved å plante påskelilje ved sida av hosta ved steinen på hjørnet av plenen. Også kjem peonene til å verta så flotte i år. I fjor, ja var det mai/juni hadde eg ein(!) peon, men no ser det ut som det kjem mange. Ah, så herleg. Så har me denne bladplanten eg fekk frå hagevenninna mi då, no har han fått fleire flotte blader. Og det store spørsmålet er: kjem det blomer på han??? Jaja løyntnantshjarta er iallefall på veg. Og noko som er morosamt; i fjor så hadde eg ei rad med stemor i bedet, ( noko som eg ikkje skal ha i år då eg høyrte at dei var godis for snegler) i år har eg mange små stemor rundt om i bedet. I år har eg stemor i kasse.

2 kommentarer:

  1. Ja, det er artig med alt som spirer og gror. Stemor og fioler frøsår seg og dukker opp om dei frå fred på seg. Kosa deg vidare i hagen.

    SvarSlett
  2. Hageglede på sitt beste rett og slett! Tror den "bladplanten" er en Iris, og da får den i såfall store blå-lilla blomster med litt gult på, omtrent i juni en gang. Den ser ut som den skal kunne klare å produsere et par blomster i år, tror jeg... ;o)

    SvarSlett