Viser innlegg med etiketten roser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten roser. Vis alle innlegg

søndag 4. september 2011

Vert denne rosa verkeleg gul??


Som eg blogga i mai, så kjøpte eg med meg ei rose frå københavn og planta i hagen min. No har ho fått eitt flott skudd. Men eg trur ikkje på at den vert gul slik det står på lappen som følgde med. Så no gler eg meg til ho spring ut.

søndag 24. juli 2011

Hageverda er glad!




Eg trudde toget var gått for bløming på hortensian i sommar. Men no ser eg 5 små blomeknoppar!!! Jippi - for han var så flott i fjor. No har me kome heim frå ferie og det ser ut til at blomane har hatt det bra medan me var vekke. Rosa har sprunge ut og fleire er på veg. Ja det er ikkje rosa frå Danmark, men rosa frå bo grønt som me planta på bryllaupsdagen i fjor. Om me berre kunne få litt varme no, så hadde nok hortensiaen skutt fart. Jaja det får me ta slik det kjem.

mandag 20. juni 2011

Herlege roser!


Det er så kjekt å sjå at rosa eg planta i fjor vår kjem med knoppar i år med. Og det som er kjekkast er at billigrosa frå Danmark kjem med nye skudd. Å lykke. Roser er fine, men blomer kan eg nok ikkje vente meg før om nokre veker.

onsdag 18. mai 2011

Rose frå københavn!!



Du veit at du ikkje er altfor langt vekke når du oppdager rema 1000 i ei sidegate til hotellet..... Også hadde dei stativ utanfor med roser fro 25 kr!!! Då klarte eg ikkje gå forbi utan å få med meg ei rose. Så no spørs det då om denne 25kroners rosa kjem med flotte gule roseblomer. Det er kanskje litt urettmessig å plassere ho vedsida av den flotte eg kjøpte på bogrønt i fjor.... Tenkte dei kunne kose seg ilag eg :)

søndag 15. august 2010

Rosa blømer!!!


No blømer den første rosa:) For ei lukke. Og eg som ikkje trudde eg skulle få roser denne sommaren. Det er sikkert 10 knoppar.

Snigle gjeng :)


Desse sniglene gjekk i gjeng. Per tykte dei var tøffe.

onsdag 11. august 2010

No har eg sikkert 30 grønne tomater!!!





Åh, tenkj at dette var ein liten tomatbusk for eit par månader sidan. Og nå aular det av små grøne tomater. Så utruleg morosamt. Og sukkerertene dei veks omtrent ein centimeter om dagen. Her er nokre bileter. Og sjå på rosene!!! Masse knopper og ein snart utsprunge blome :)

mandag 26. juli 2010

Roseknoppar og babytomater

Til mi store glede såg eg at rosebusken me planta på bryllaupsdagen har 3 knoppar!!! Så flott. Eg gler meg til og sjå kva form, farge og duft ho har. Og eg som ikkje trudde det kom roser i år.
Også har eg sett 4 små grøne babytomatar!!! Så kjekt. Om ei stund vert dei nok raude. Og eg som ikkje hadde trua på desse grønsakane. Hmmm Kålrotplantane kjem og. Men dei har litt rar form. Ikke runde slik dei er i butikken, men avlange. Kan hende dette er den avlange typen, hehe.

fredag 23. juli 2010

Per bror sine roser :)



Bror i Oslo har også roser i hagen.