lørdag 9. oktober 2010

Haustblomer




Ja eg veit ikkje kva dei heiter. Men mener og erindre at det sto at dei blømer frå august til oktober. Desse blaumkålliknande bukettane som går frå å vera lysegrøne til å verta raude. Og ein flott raudfarge har eg på dei nå. Tilfeldigvis har eg 3 like av dei i staudebedet. To har eg fått avlegger av to ulike avlegger"levrandører" og ein har eg visst kjøpt på plantasjen. Interessant var det og sjå at den eg hadde kjøpt var tidlegast i bløming. Tenkjer at eg skal plante dei saman når dei er avblomstra. Men nett no er det to i flott bløming. Og den blå der står fint til dei raude. Aner ikkje kva den heiter heller eg, men eg vart gla då han plutseleg blømde. Eg trives godt med tilfeldighetshagen min. Men eg lærer stadig nye ting. Og hekken som eg har blogga så kjekt, har mista nesten alle blada! Så nå ser det ut som me har planta nokre kvister som stikk opp frå barken. Jaja det vert iallefall spanande og sjå når det vert vår. Eg ser no at rododendronen som eg planta i plenen foran huset har utruleg mange skudd eller kva det heiter. I vår hadde han ein knopp og blome, men til våren trur eg det kan verta minst 10!!! Jaja det gjenstår og sjå til våren. Ah gler meg. Men hausten er fin. Plukka til og med sukkererter i dag. Men no er det snart ikkje att fleire. Men dette var suksess så den kan med glede gjentakast.
God helg!

3 kommentarer:

  1. Tenkjer den siste og nestsiste er oktoberbergknapp eller noko i den dur. Kjekk å ha på denne tida og kjekk å ta inn. Den første vil eg tru er ein asters. Som ny i hagen er det jo kjekt å prøva det mesta. Korleis skal ein no ellers finna ut kva ein liker ?? Kos deg vidare du !!

    SvarSlett
  2. Tusen takk. Asters og oktoberbergknapp høyres fint ut! Tusen takk for hjelp med namn. Kjekt og vita kva dei heiter. Eg prøver berre eg og så ser eg. Tusen takk for kommentar Tullik.

    SvarSlett
  3. Dette er Asters og Sedum ja, sedumen kalles oktoberbergknapp, så jeg er helt enig med Tullik der.

    Supre høstplanter begge, spesielt sedum som jo kan stå like fin selv med gjentatte angrep av frost og snø :)

    God helg til deg også! :)

    SvarSlett