mandag 9. august 2010

Årets konsert!!!



Ok, dette har vel ikkje så mykje med hage og gjere. Men eg gjøymer meg under det at det var ein utekonsert..... Heine Totland og Gisle Børge Styve i moster amfi. Eg trur eg aldri har flirt så mykje på ein konsert før. Eg fekk nok merksemd i første nummer då eg heldt på og ta nokre bilete forholdsvis diskre, då dei stoppa heile nummeret stilte seg opp foran pianoet til Gisle Børge og smilte..... Då vart eg litt flau.... Og det verste var at eg ikkje fekk til noko godt bilete. Her er eit par. Masse humor med og skikkelege perler, og konserten fekk fortjent god omtale i bladet Sunnhordland.

1 kommentar:

  1. Haha, man skal være forsiktig med å stikke seg fram i sånne sammenhenger -det kan fort få følger hos en del ;) Gleder meg til å se dem på torsdag, skal passe på å sitte pent...

    SvarSlett