søndag 4. juli 2010

Revebjeller i hagen!!


Jess! No har eg revebjeller i hagen! Dei er så majestetiske i si framferd. Vonar dei toler vinden som herjer no. Eg klarte ikkje gå forbi denne på plantasjen i dag. Dessuten er eg ganske lei stemor. Trur eg har stemor i 3 krukker pluss ei tjukk rad i det eine bedet. Revebjellene er utruleg dekorative. Og i morgon vert det rododendronhekk! Dei er jo på tilbud no. Og med 4 rododendroner får eg ein flotte hekk. Han bloggast i morgon. Og buksbom på den andre kortsida. Trur me ventar med hekk på langsida mot asfaltgangveien til neste år. Då vert det minimalt med nyplanting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar