onsdag 25. mai 2011

Hostaene frå Rena



Ja eg visste ikkje eg skulle verta så gla i nokre grøne blader!! Men desse er så flotte. Og så er det så kjekt at dei kjem frå Rena. Mor seier eg kan ta dei inn og laga blomebukett av dei. Ja men då må eg ha nokre blomer å laga bukett med.... Er litt usikker på kva som passer. Kanskje desse blå som er vorte så store??

Syrinen blømer og :)



Ja det er ein flott plante. Det meste i hagen vert planta i fjor vår, så også denne. Og i fjor var det berre blader. Men no har han 4 flotte majestetiske blomeranker. Ja eg skal klyppe plenen snart. Tek det i morgon ettermiddag om det er opplett. Den har vokse mykje no når det regner så mykje.

Hekken blømer :)



ja iallefall såvidt. Omlag 4-5 av dei 81 plantane me sette ned ein solskinnsdag i september blømer no. Mon tru om det kjem bær? Den vert ikkje så tett, men det treng me ikkje hell då dette er ein hekk oppå ein 2 meter høg mur. Artig at han no blømer iallefall. Sortsurbær er det. Noko Aroniagreier. Eg sleit me å ta skikkelege bilete, så det får bli det det blir. Klarte ikkje få dei små blomane klare.

tirsdag 24. mai 2011

Endeleg er rododendronen byrja bløma


Det er vel berre å innsjå at eg ikkje har noko tidlegrododendron. Eg ser på alle dei flotte rododendronene rundt om og ventar og ventar på min, og no endeleg. Og der morosame er at dei bak garasjen er i ein litt lys raudfarge! Og eg som trudde dei var kvite eller rosa. Den på kråa foran inngangen har ikkje kome endå. Den er blålilla. Og no er det vel ikkje lenge til hortensian kjem heller.

mandag 23. mai 2011

No er terrassen ferdig!!





Ah, så herleg å ha terrassen ferdig. Ein vegg-til-vegg-terasse :) Så kjekt å ha ein skikkeleg stad å sitja ute. Og sjølvsagt synest Gustav det er stas med terrasse og. Han er noko forvirra no når alle plankane er på plass. No kan han gå rett ut på terrassen frå døra si.

lørdag 21. mai 2011

Gustav har fått eiga dør :)



Ja no kan han koma og gå som han vil, eller som vi vil. Me har heldigvis anledning til å stille inn slik at han ikkje kjem ut, berre ut eller berre inn. Og det beste me slepp å sitja å fryse i stova med døra ope. Ergo, me sparer masse strøm. Me har juksa litt i byrjinga og teipa opp plastglasdøre så han skal skjøna korleis døra fungerer. Men etter eit par dager kan me nok ta ned denne teipinga. Han er ein smart pus, Gustav Sofus, han kjem når me bjeller med halsbåndet, og når det er på så løper han mot døra og vil ut. Fine pusen.

onsdag 18. mai 2011

Rose frå københavn!!



Du veit at du ikkje er altfor langt vekke når du oppdager rema 1000 i ei sidegate til hotellet..... Også hadde dei stativ utanfor med roser fro 25 kr!!! Då klarte eg ikkje gå forbi utan å få med meg ei rose. Så no spørs det då om denne 25kroners rosa kjem med flotte gule roseblomer. Det er kanskje litt urettmessig å plassere ho vedsida av den flotte eg kjøpte på bogrønt i fjor.... Tenkte dei kunne kose seg ilag eg :)

Kongedagar i københavn










No er eg nett komen heim frå København. Ein utruleg kjekke tur, med tivoli og bytur. Gustav var på feriekoloni hjå svigermor på Sotra. Han koste seg bra der. Og me kjøpte ein sprettball til han og den er ein vinnar! I tivoliet var det så reint og triveleg. flotte blomar. Og det kjekke når me kom heim så blømer hekken såvidt, medan fleire blomar har tatt seg opp. Like før rododendronene blømer og no. Hagen har iallefall fått vatn medan me har vore vekke :) trur ikkje det har vore så varmt.

søndag 8. mai 2011

Eg trivst på terrassen


Ja han er ikkje meir enn tre planker brei. Terrassen. Eg koser meg allereie :)

Hosta frå Rena :)


Ved den steinen eg fekk frakta til hagen, har eg ein plan med påske/pinseliljer og hosta. Påskeliljene skal bløme i april og så skal hostaen bløme i juni, trudde eg. Så feil kan eg ta, for no blømer dei omlag samtidig. Jaja moro lell. Tre ulike typer hosta, to frå innladsRena og ein frå plantasjen. Eg synest det er veldig kjekt med ei plante frå heimplassen min.

lørdag 7. mai 2011

Terassen vert til :)






Ja no byrjer det snart å sjå ut som ein terasse. Først var det grøfter, så vart det laga forskalling, og så mur nede i grøftene, så måtte muren tørke og no stendere oppå muren. Ikkje kom å fortell at terasse er gjort på ein-to-tre. Det vert så herleg å ha noko å sitja og eta middagen ute på. Me liker så godt å eta middag ute om våren og sommaren. Eg er heldig som har ein mann som lagar terasse :)

Eg vert aldri lei av tulipaner




Dei er så herlege.

torsdag 5. mai 2011

Ein liten skog av tulipaner og litt meir







Ja no er tulipanane fine. Dei blanda tok eg oppatt i fjor sommar å planta ned att i haust. Så flott med ein slik skog synest eg. Og peonen veks, gler meg til blomar. Eg har og kjøpt ein gul ein og den har eg satt i det vesle bedet. Og den flotte blå blomen har kome så flott no. Ei utruleg kjekke tid me har framføre oss no. Og til slutt må Gustav ha eit par portrett. Han er jo solskinnet våres.

søndag 1. mai 2011

Gustav hjelper til i bedet


Ja på biletet berre slapper han av i skyggen. Å vera svart langhåra pus i varmen er ikkje greit. Det er så flott å ha han her att. Han har hoppa og gøymt seg i bedet. Eg har kjøpt ein del nye stauder. Bedet er så stort så det skal til ein del for at det skal sjå bra ut. Men eg er ikkje heilt ferdig. Når denne varmen kjem vert eg heilt slått ut. Men bilete kjem når eg har fått fleire planter i jorda. Også har eg kjøpt inn til eit murplanteeksperiment - rapport kjem.