lørdag 30. april 2011

Ah, eg digger våren





No er mine tulipaner endelig i blomst - iallefall 3 av dei. Ja også hadde eg ein tidlegtulipan for 4 veker sidan då. To gule og ein lilla har no openbert seg til hageverda mi. Også har anemonene kome trur eg, om det ikkje er noko anna. Hugser ikkje heilt kva eg planter. Og no som Gustav har kome heim må han få bli med på bloggen.

fredag 29. april 2011

No har eg fått meg halsband



Ja no er det eg, Gustav Sofus Mahler som prater. Ah, så deileg det var å koma heim!! Etter 5 veker vekke frå heimen min i sæbøløkjen var det så kjekt. Eg kom frå nokon framifrå snille menneske i Haugesund som hadde tatt så godt vare på meg. Men no er eg heime. Og folka mine har kjøpt halsband til meg og er veldig oppmerksom på meg når eg er ute no. For eg ville så gjerne ut, og det er jo så fint ver. Dette nye blå halsbandet er ikkje så mjukt som det eg vart vand me å nytta i Haugesund. Ofte må eg klø meg der som bandet er. Jaja det vert vel betre etterkvart. Neste innlegg vert nok om planter, eg trur folka mine har tenkt å halda på litt både i bed og krukker i helga. God helg alle der ute.

torsdag 28. april 2011

Ah, så herleg å ha Gustav tilbake!!


Ja no er me glade!!! Gystav er i hus att. Jippi!! Åh, som me har sakna han. Han har vore vekke i 5 veker. Og han har vore langt vekke, i kveld har me vore i Haugesund og henta han. Ah, for nokon kjekke menneske som hadde passa på han. Gustav er jo både kastrert og "chippa" så då vart han funnen. Men dei har verkeleg hatt litt av ei detektivhistorie og finne ut av. For chippen som han var merka me fungerte ikkje slik han skulle. Dei fant oss til slutt og det er bra. No er me berre glade. Gustav Sofus held på å finna seg til rette att i den gamle heimen sin. Ja no har han fått enda eit namn. Dei kjekke menneska i Haugesund kalla han Sofus, så da får han heite Gustav Sofus. Ah, no kan drømmen min om å halda på i hagen saman med Gustav gå i oppfyllelse. Dette er ei solskinnshistorie med stor S. Tusen takk for at det finst så flotte menneske i verda.

mandag 25. april 2011

Vel overstått påske:)




Ja no er ei herleg påske snart over for denne gong. Også så mykje flott som har skjedd i hagen. Det følest mest som om eg har hatt vårfri, ikkje påske. Hyttepåske har det vore med utedosjarm og ferdig terasse heilt nede ved sjøen. Eg vert meir og meir glad i denne hytta som me no endeleg har fått tid til å bruke. No er det lettare å ta seg ei helg i vår - sommarhytte som det er.
Me har vore innom heime og dusja og gått på do... nokre gonger og då sjølvsagt sett korleis blomane har det. Det er faktisk i år har egrste eg ser etter når eg kjem heim, anten om det er heim frå jobb eller heim frå handling. Ddet er så spannande no om våren. Eg har venta og venta på påskeliljene som eg hadde planta i haust, og no endeleg på påskeafta sprang ho ut. Det var påskelilja si det :) Eg som trudde eg hadde gjort det geniale ved å plante påskelilje ved sida av hosta ved steinen på hjørnet av plenen. Også kjem peonene til å verta så flotte i år. I fjor, ja var det mai/juni hadde eg ein(!) peon, men no ser det ut som det kjem mange. Ah, så herleg. Så har me denne bladplanten eg fekk frå hagevenninna mi då, no har han fått fleire flotte blader. Og det store spørsmålet er: kjem det blomer på han??? Jaja løyntnantshjarta er iallefall på veg. Og noko som er morosamt; i fjor så hadde eg ei rad med stemor i bedet, ( noko som eg ikkje skal ha i år då eg høyrte at dei var godis for snegler) i år har eg mange små stemor rundt om i bedet. I år har eg stemor i kasse.

tirsdag 12. april 2011

Kvitveisen er komen



Ja på sundag var me å såg på kvitveisen. Eg trur ikkje det er lov å plukke han der i hystadmarkjo naturreservat. Men iallefall var det flott å sjå på. Ah, herlege vår.

lørdag 9. april 2011

Tidligtulipan??


Ja tulipanane har kome med blader - men sjå her er ein raud tidligtulipan :) No har det endeleg kome skudd på påskeliljane eg planta i haust. Dei var seine, men det er sein påske i år og, så kanskje dei kjem til påske dei då.

Vårteikn




Ah, det er så herleg å sjå kva som rører seg i hagen no! Krokusane som strekker hals mot sola, primulaen som har kome med blome og peonen som ser ut til å vera i anmarsj. I morgon skal eg ta ein tur og sjå om kvitveisen har kome.

torsdag 7. april 2011

Takk for flott vitjing Frida

Som de ser så hadde eg koseleg vitjing av verdas kjekkaste nabo Frida på 8 år. Ha hjalp meg å plante stemor. Eg har aldri planta stemor før påske nokon gong, så dette vert spanande. Stiklingane vert kanskje flotte sumarblomer??? Og ja me hadde ostesmørbrød og kakao til kvelds.

onsdag 6. april 2011

frida hjalp å plante



Me har planta stemor kassa. de regna å de jore ingen ting. me tokkmold runt blomane.eg jekk me sandalane til asbjørn.me hade god kvels me kakao

søndag 3. april 2011

Lilla og gule krokusar og!!!




No er det ikkje lenger berre kvite krokusar hjå meg. Men to lilla og ein gul!! Ah, dette er så kjekt. Så fascinerande at når eg putter laukar i jorda så kjem dei opp som flotte blomer. Haging er moro tøft og spanande! Det siste bilete er frå ein staude som har karte å karre seg opp gjennom dei visne blada.

lørdag 2. april 2011

Samanslåing av bloggane

Ja det vart bal å ha to private bloggar. Når eg les ein del bøker hadde det vore kjekt å skrive litt om det og ha det på ein blogg. Så frå no av vert det noko pusebileter på det som har vore ein rein hageblogg. Om pusen kjem att då. For Gustav har vore vekke i ei veke no. Berre han ikkje har funne seg ein ny heim. Han kjem nok ein dag. Herlege Gustav, svart med kvit krage, og kvite poter.