torsdag 19. august 2010

Gustav prøver hagen


Den vesle pusen vår Gustav har såvidt prøvd og være ute i hagen! Og det var stas og fryktelig spennende. Når naboen kom heim vart han skremd. Etter eit par minutt var det ut att. Graset var så langt at han kunne gjøyme seg i det :)

søndag 15. august 2010

Rosa blømer!!!


No blømer den første rosa:) For ei lukke. Og eg som ikkje trudde eg skulle få roser denne sommaren. Det er sikkert 10 knoppar.

Snigle gjeng :)


Desse sniglene gjekk i gjeng. Per tykte dei var tøffe.

onsdag 11. august 2010

No har eg sikkert 30 grønne tomater!!!





Åh, tenkj at dette var ein liten tomatbusk for eit par månader sidan. Og nå aular det av små grøne tomater. Så utruleg morosamt. Og sukkerertene dei veks omtrent ein centimeter om dagen. Her er nokre bileter. Og sjå på rosene!!! Masse knopper og ein snart utsprunge blome :)

mandag 9. august 2010

Årets konsert!!!



Ok, dette har vel ikkje så mykje med hage og gjere. Men eg gjøymer meg under det at det var ein utekonsert..... Heine Totland og Gisle Børge Styve i moster amfi. Eg trur eg aldri har flirt så mykje på ein konsert før. Eg fekk nok merksemd i første nummer då eg heldt på og ta nokre bilete forholdsvis diskre, då dei stoppa heile nummeret stilte seg opp foran pianoet til Gisle Børge og smilte..... Då vart eg litt flau.... Og det verste var at eg ikkje fekk til noko godt bilete. Her er eit par. Masse humor med og skikkelege perler, og konserten fekk fortjent god omtale i bladet Sunnhordland.

Bedets tårn :)


Ikkje så mykje å melde om i desse regnversdager. Eg planta revebjellestauden i det store bedet, så no har bedet fått nytt tårn..... Då er det berre og vona på bløming neste år.

onsdag 4. august 2010

Blomepute :)


Ok dette er vel ikkje så veldig hageaktig, men sidan det er blomer på så. Denne fekk me i posten i dag, av mor mi. Tusen takk mor. Den var fin. Eg synest han passer fint i den grøne sofaen.

tirsdag 3. august 2010

Løvemunn



Slett ikkje verst desse. Gule, rosa og noko oransje. Endeleg kom løvemunnane medan eg var på ferie. Uff dette er visst vorte eit overfylt bed. I det andre slit eg med og få fylt opp. Men så er det ca 4 gonger så stort og.

Tobakksplante


Nei eg driv ikkje med kriminell verksemd. Eg kjøpte berre 3 små uskuldige tobakksplanter i vår. Og no er dei vortne heilt enorme. Dei stjeler masse plass i det vesle bedet. Dei er fine det er ikkje det, men trur eg prøver noko anna til neste vår. Godt dei er ettårige.

Hortensiamasakren i løkjen.....


Neida det er ingen som har gjort brotsverk i hagen min. Berre eg som ikkje har rydda etter meg. Hortensiaen kjem med nye flotte blå blomar og då tenkte eg at eg kunne vel ta vekk dei rosa som har vortne brune og stygge.

Kvar er buksbomane??



I midten av juni eller deromkring planta eg mange fine søte små buksbom langs murkanten. Då me kom heim frå eit par vekers ferie hadde graset vakse forbi dei, hehe. Kvar er dei eigentleg. Her må noko gjerast.