onsdag 30. juni 2010

Kjem ikkje snart løvemunnene mine??



Ja no har eg snart venta lenge nok synest eg. Det er jo over ein månad sidan dei komn i jorda og dei ser jo så flotte ut. Ingen grunn til å venta med å springa ut plantar. Kom igjen! Tobakksplantene og ser ut til å vera blomeklare. Ah, eg er så spent, kva for farge og fasong får dei??? Må eg vere tolmodig sa du??

tirsdag 29. juni 2010

Hosta ved steinen


Eg har krangla med stein. Med spett og vilje er det utruleg kva ein får til sjølv i regnver. Høl fekk eg til og Hostaen er planta ved sida av steinen slik eg såg for meg. Eg er klar over at eg lagar utfordringar for vatningsassistenten når han skal klyppe plenen. Vert det for gale klypper eg sjøl, hehe.

plenen er klyppt for fyrste gong


Ja det er ikkje eg som har klyppt, men vatningsassistenten før han dro til Trondheim på jobb. Plenen er framleis glissen, men ikkje so gale etter berre omlag 4 veker etter me sådde. Eg synest me har ein fin plen. Artig å så sjølv.

mandag 28. juni 2010

Hjelp blåaugo tek over bedet mitt!!



Ja dei veks og veks blåaugo. Her samanlikner eg dei for nokre veker. Eg trur det er ein sumarblome og då takker han vel av om nokre veker.

søndag 27. juni 2010

Sukkererter er sådd :)


No har eg endeleg sådd sukkererter. Eg kjøpte grønsaksplanter og sukkererter, men kassa var for lita, så sukkerertene måtte vente. No har eg fått ny kasse, lempa oppi mold og sådde frøa. Vonar det ikkje er for sent? Jaja eg gjorde no iallefall. No er det berre å venta.

blomekasse - ferdig planta


No har eg endeleg fått planta i mi favoritt blomekasse. Eg er litt usikker på om dei grøne endane eigentleg er fine. Kan hende eg maler dei raudbrune som huset. Denne flotte kassa skal få eiga hylleplass på loftet i garasjen frå oktober til april.

mislukka krukker


Fleire veker har eg hatt to krukker på hjørnet ved benken som har sett ganske elendege ut. Eg var "litt brå" då eg tok dei ut or plaspotta og skulle plante. Så i dag kjøpte eg nye. Trur det er ein nellik og ein lobelia.

ein flott stein


Denne flotte steinen fann me på nabotomta. Vatningsassistenten høytrykksspylte han. Eg trur han vert flott med ein hosta ved sida av.

No er kassa vorte grøn på endane


No er kassa vorte grøn på endane for å mætsje. Kan hende eg kan plante i ho i kveld. Det er vatningsassistenten som har vore flink og malt.

Raude nelliker


Ja dei har vokse som alt anna. Og dei gjer seg så godt inni melleom dei blå blomane.

Tesil :)


Sidan tesila liknar eit jordbær, får ho plass i hagebloggen. Medan eg venter på at plantasjen skal opna. Dette er eit jordbær i silikon til å putte løsvektte i. Heile jordbæret legg ein så oppi ein kopp med rykande varmt vatn. I tillegg var det med eit genialt lokk, som ein kan legge den vesle tesila oppå når ein har passe med smak i koppen.

lørdag 26. juni 2010

Nytt lesebord!!



Ok, dette er vel heller ikkje so hageaktig, men det må berre med. For det var same butikken me kjøpte blomekassa, eller var det omvendt??
Eit lesebord i alm - me har spisebord i same tresort. Så no kan me lesa i veg. Kan hende eg skulle sette bort leselampa og då.

Ny blomekasse!!



Åh, eg klarar ikkje og vente. No har eg kjøpt ei blomekasse i tre. Den skal eg fylle med lekasteiner i botn og så flotte blomer. Så genialt at plantasjen har ope på sundag. Kan hende eg skal ha nokre verbena eller prinser eller....
bilete kjem i morgon då eg har fått planta. Dessuten er kassa for sukkererter klar til å plantes i. Ah, eg gler meg til ein flotte dag i hagen i morgon.

torsdag 24. juni 2010

Pappa, pappa eg har fanga ein fragel!!!



Nei det var ikkje nokon Fragel, men snigler!!! Neida eg berre gjekk ein tur og såg denne gjengen med snigler!! Med blits fekk eg fram den gufne bronfarga. Berre dei held seg på asfalten og ikkje kjem i hagen min. Eg har mykje stemor som sikkert er godt for sniglegjengar, hehe. Kva for misjon har sniglene eigentleg? Ein plass i økosystemet har dei vel. Kanskje eg skulle hatt nokre moskusender, for dei er visst så glade i snigler. Eller eg trur ikkje det, for dei er så stygge. Sjå berre her http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:MuscovyDuck.jpg dei finst ved andadammen. Eg veit ikkje kvifor eg fekk assosiasjonar til Fraglene og skraphaugen når eg tok bileter av sniglene. Lenge leve fragelene!!

onsdag 23. juni 2010

Velkommen salvieblomer


No blømer Salvieblomen. Trur det er eit krydder?

Bedets tårn :)


No blømer tårnet. Førebels har det berre eitt spir. Har funne ut at dei heiter Lupiner. Hmm eg vil ha fleire tårn, kan hende det kjem fleire neste år.

mandag 21. juni 2010

Lobelia


For ei stund sidan planta eg kantlobelia rundt bedet mitt. Eg syntest det vart ganske fint, sjå berre her når dei byrjar å blåast.

søndag 20. juni 2010

Lilla hortensia i kveldssol


Hortensiaen er berre så fin. Så lekker lilla liksom.

Bloggtørke? neida berre ei lita pause



Eg trur Verbena er vorte min favoritthageplante. Dei trivst iallefall hjå meg.

torsdag 17. juni 2010

Tulipaner frå Amsterdam!


I dag kom vatningsassistenten heim frå tur og med seg hadde han tulipaner frå Amsterdam. Trur det tok ca 3 minutt før dei kom i jorda, hehe. Så nå får me berre sjå om 4-5 veker om eg har tulipaner frå Amsterdam. Eg blogger dei garantert!

onsdag 16. juni 2010

Garasjen har fått grøne lister


Fleire ting skjedde medan eg var på jobb i dag. Mor er på besøk og hun hadde malt listene på garasjen! Tusen takk mor, det vart flott.

Fleire blå blomer


Fleire og fleire blå blomer kjem.

Ein rakettblome!!



Denne kom fort. Plutseleg var det ein flott blome når eg kom heim frå jobb.

tirsdag 15. juni 2010

Hagejente :)


No har eg fått ei hagejente til å passe på blomane og pusen. Så no vert det flotte blomer. Tusen takk mine kjære naboer Helga og Trine. Berre avdi eg gav bort feilkjøpt vaskepulver :)No vert det reine skulpturparken hos meg, hehe

Hagebamser :)


Eg har fått hagebamser fra mor! Tusen takk! Dei kan passe på solknappene. Dei treng det for dei har det kanskje ikkje heilt bra.

Bananmuffins!


Ok, dette har ikkje så mykje med hagen og gjera. Men dei vart sjukt gode desse bananmuffinsene så eg måtte berre blogge om dei. Fekk muffinsoppskriftbok av vatningsassistenten min :) skal spare nokre til du kjem heim vennen. Kjekt å baka litt til mor kjem på vitjing i kveld. velkommen mor.

Ein nellik?


No har endeleg den raude blomen sprunge ut. Det tok tid ja. Men no er det to knoppar til. Kjekt med dei raude, eg har så mange blå. Elendig bilete. Eg lyt finna ut korleis eg får dei klårare.

mandag 14. juni 2010

Små rosa blomer


Nå kjem dei i hopetal. Mange dagar var det berre ein. Så kom to til og så fem og så ni og i dag er det tjueseks. Berre så synd han blømer berre på eine sida, hehe. Kanskje han er litt skeiv.....

søndag 13. juni 2010

Storkenebb


Denne blomen veks vilt på austlandet. Her har eg han altså i bedet. I dag telte eg 18 blomer. Trur biletet er frå i går.

Grønsakskassa får innhald


No har eg planta grønsaksplanter i den flotte kassa assistenten min laga. Det er grasslauk, tomatplante, kålrot, purre og salat. Dette vert spanande. Dei har fått vatn og god jord, men eg veit ikkje kva for gjødsel dei treng?
Trur eg må spørja vatningsassistenten om han kan laga ei kasse til. Eg har ikkje plass til sukkererter, og det vil eg ha.

lørdag 12. juni 2010

Ein ny blome i bedet med dei blå blomane


I dag har han sprunge ut :) Ein avlegger eg fekk av svigermor. Ein liten blå blome, ved sida av dei blå klokkene. Trur eg kallar dette bedet bedet med dei blå blomane. I går regna det og hagen var glad og fornøyd. I dag er det overskya og fint.

Hortensiaen er vorte lilla :)


Nå er blomen på Hortensiaen vorte lilla. Når han kom til oss så var han blåaktig. No har han 3 store fine lilla blomer. Her er ein.

Grønsakskasse!!


No har vatningsassistenten laga grønsakskasse til meg. Så no er det berre og fyle ho med mold og grønsaksplanter. Han ville sjølsagt laga ho sjølv.

torsdag 10. juni 2010

Stemorportrett :)







Stemorsblomst
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Stemorsblom, stemorsblomst eller natt og dag (vitenskapelig navn: Viola tricolor) er en ett- eller toårig fiol, med en høyde på opp til 20 cm. Den har en opprettet vekst. Stemorsblom blomstrer mest hele året, bare det ikke blir for vått. Planten er mest vanlig i Sør-Norge; den er å finne langs havstrand, veikant, berg, skogbryn og lignende. Arten tilhører fiolfamilien. Det finnes to underarter av stemorsblom; vanlig stemorsblom (Viola tricolor ssp. tricolor) og Viola tricolor ssp. curtisii.
Er dei ikkje flotte?

Endeleg nokre raude blomer


No er ein stuadenellik av eit slag byrja bløme. Og den har raude blomer! Det gjekk plutseleg opp for meg at eg hadde mest berre blå blomer. Grøne grasstrå og Syrin i bakgrunnen.

Endeleg - peonen er planta


Nå har ynskje mitt gått i oppfylling - eg har planta ein peon!! Ah, det skal verta så kjekt når den byrjar å bløme. Og no kom regnet så da vert han ekstra glad.

onsdag 9. juni 2010

Kva med ei grønnsakskasse?

Eg vart inspirert av "Grønn glede" i går kveld og kanskje eg skulle skaffe meg ei slik kasse? Så kan eg så gressløk, purre, gulerøtter og sukkererter. God ide, trur eg skal drøfte den med min vatningsassistent.........

Georginene er vorte byta ut!!


I ampelen hadde eg planta 3 georginer. Dei såg ikkje bra ut, dei trivst ikkje hjå meg. Så no har eg kjøpt bror til den raude blomen eg har framfor inngongen. Eg veit ikkje kva han heiter. Han er blå. Sjå på bilete. Tenkjer nok han veks bra etter kvart. Sjekk skuggen på bilete, hehe.

Ikke so gale!


No har eg planta kantlobelia ved kanten av bedet der tulipanene lagde vissvass. Kan hende det kjem ein peon i midten?? Eg ynskjer meg så ein Peon. Og den skal vera raud, mørk raud.